Guds Ord til India
- Johan Hovda
- Jul 1
- 4 min read
To viktige spørsmål.
av Gunnar Andås
Nyleg fekk eg eit spørsmål frå ein ven om kor mange biblar New Life Literature (NLL) har trykt for India i løpet av dei 40 åra vi har arbeidd i Sri Lanka. Og spørsmål nr. to i kva grad eg meiner dette har innverknad på vekkinga som dei no ser breier seg over delar av India.

Eg trur at det på desse åra har vore så mange aktørar i sving at eg har vanskar for å sjå at arbeidet vårt har spela ei hovedrolle, men eg er heilt bevisst på at kvar bibel, kvart nytestamente og Markus evangelie gjer si virkning på den eller dei som les det. Her er svaret til min ven: Eg har diverre ikkje ein nøyaktig oversikt over kor mange biblar som vi har sendt til India, då ein snakkar om ein periode på 40 år.
13 millionar Markusevangelie
Sjølv om vi har trykt fleire millionar nytestamente og biblar, så er det ikkje noko som vi har trykt så mykje av som Markusevangelie. I ein periode på 12-13 år sende 13 millionar Markus-evangelie på 17 ulike språk. Dette var små bøker som vart distribuerte hovudsakleg gjennom fleire kyrkjenettverk og var utlevert frå mann til mann.
Sjølv om 13 millionar er eit relativt stort tal, så er det berre 0,8% av befolkninga, og sjølv om vi kan håpe på at eit Markus evangelie vart lese av fem menneske, så blir det likevel nokre få prosent av befolkninga.
Refleksjonar
Eg har likevel nokre tankar om veksten av talet på kristne i India. Då eg for eit par år sidan spurde nokre av dei kristne leiarane om kor mange kristne dei meinte det var i India, så svara dei ca 5% (offisielt er det 2%). Då eg spurte på nytt i 2025, var svaret at dei reknar med ein stad mellom 5-8%. Eg spurte då difor kvifor statistikken berre seier 2%? Dei svara at det er såpass vanskeleg å få registrert at ein forandrar religion at folk berre lar vere å forandre registreringa hjå styresmaktene. Dei tar imot Jesus, vert døypte og lagde til ei menighet, men dei sender ikkje melding til styresmaktene om dette.
Vekst under koronatida
Då covid 19 herja som verst, så vart alle store forsamlingar stengde. Det var ikkje lov å samle store skarer på ein stad. I Noreg førte det også til ei nedstenging, og forsamlingane byrja å overføre talar, songar o.l via Internett. Dette førte til ei passifisering av forsamlingane. I India delte dei opp forsamlingane i grupper på 5 og 5, og bad dei samlast i heimane. Kvar slik gruppe fekk då ansvaret for å innby naboar, familie og vener til desse samlingane. I etterkant høyrde eg at forsamlingane aldri hadde vakse så mykje som under kovid perioden.
Der Jesu namn ikkje er nemnd
Eit anna viktig poeng, er at forsamlingsleiarar har komme saman og kartlagt kvar forsamling i heile India, og dei har også funne ut kva by og landsby som det manglar ei forsamling i. Neste steg har vore å få nærliggande forsamlingar til å sende evangelister til å ta opp arbeid i desse byane og landsbyane. Dei er inspirerte av Paulus ord:
Rom 15,23 Men når eg no ikkje lenger har nokon stad der eg kan arbeida i desse landa, og då eg alt i mange år har lengta etter å koma til dykk,
Eg tenkte tidlegare at det ikkje var nokon stad der han kunne forkynne fordi motstanden var så stor, eller at han ikkje lenger vart motteken på desse stadane. I India har dei tolka dette slik at Paulus sin visjon var å forkynne ordet der Jesu namn var ukjent. Sidan han no ikkje lenger fann nokon stad der han kunne forkynne, så måtte det bety at han ikkje lenger fann nokon stad der Jesu namn ikkje hadde vorte forkynt.

1,5 millionar nytestament på minoritetsspråk
Den same systematiske tenkemåten opplever vi når det gjeld bibeloversettelser til dei ulike minoritetsspråka i India.
Ein reknar med at det er om lag 670 språk i India. I perioden frå 2017 til 2025 har vi trykt nytestamente på over 120 språk for India som tidligere aldri har hatt Guds ord. Det har til saman vorte om lag 1 500 000 nytestamente. Desse har ikkje berre vorte finansiert av norske gjevarer, men dei har vorte betalde av enkeltpersoner og organisasjonar som er ein del av Sporos sitt nettverk.
Bibeloversetjing til kvart språk i India innan 2033
I India var det i 2024 ei samling der 27 bibeloversettelsesorganisasjoner skulle fordele mellom seg dei språka som ingen hadde starta å arbeide på. Målet var at desse skulle få Guds ord tilgjengeleg før 2033. Det er då 2000 år sidan vi fekk misjonsbefalinga, og målsettinga er at alle folkeslag, ætter, folk og tungemål skal få tilgang til Guds ord innan den tid (Åp 7,9). Dette er ei målsetting som er felles for dei fleste bibeloversettingsorganisasjonene i verda. På engelsk har målsettinga fått namnet: All access goal. Vi ser såleis ein veksande intensitet i arbeidet med å gjere Guds ord tilgjengeleg for alle.
Millionar av menneske
Hausten 2025 var det ei oppfølgningssamling for å sjå kor langt arbeidet har kome, og den hausten vart det også feira overlevering av nytestamente på 22 nye minoritetsspråk. Etter kvart som deler av desse nytestamenta vert ferdig oversette, tar dei til med lese- og skriveopplæring, der ein gjerne brukar evangelia som lærebok.
Eg veit dessverre ikkje kva innverknad vi har hatt på den gryande vekkelsen i India, men eg er sikker på at det er eit verk av Guds ord og Guds ånd, og eg er også sikker på at vi ein dag kjem til å vere mållause når vi ser kva Gud har virka gjennom millionar av menneske ved sitt ord.




Comments