Misjonstrykkeriet New Life Literature på Sri Lanka fyller i år 40 år. For ei tid
sidan prøvde eg å oppsummere den framgangen og veksten som har vore
ved trykkeriet på desse åra. Det gjekk då opp for meg at det ofte var i vanskelege
situasjonar, der vi spesielt hadde bruk for å gå i bøn til Gud om hjelp, at vi
opplevde korleis Gud løfta arbeidet opp på eit nytt nivå.
Når vi ser tilbake på den framgangen som vi har opplevd, så kan vi difor ikkje skryte av det, men Gud har sendt folk i vår veg, eller gitt oss samarbeidspartnarar som vi på førehand ikkje hadde drøymt om. Vi kan difor trygt seie at vi ikkje har nokon grunn til å ta noko ære for den veksten som har vore, - det er fullt og heilt eit Guds verk.
Frå den spede oppstarten i 1984, som i seg sjølv var eit stort under, så har både bygningar, maskiner, samarbeidspartnarar og land som vi trykker for stadig vorte utvida. I dag har vi ikkje berre fullt opp å gjere for dei tilsette og kapasiteten til maskinene våre, men vi leiger også stadig inn 15-20 ekstra arbeidarar frå eit utleigefirma for å kunne halde dei leveringsdatoane som vi har lova. I tillegg til dette, så set vi også vekk omlag 30% av produksjonen til andre trykkeri rundt om i Asia. Dette er ei utvikling som vi reknar med vil halde fram i åra framover.
Likevel leitar vi etter måtar som vi kan utvide arbeidet på også i Sri Lanka, og vi har ei lang liste som vi stadig nemner for Gud i bøn. I våre auge ser det ut som største flaskehalsen vår er mangel på areal. Vi har bruk for meir plass både til nye maskiner og lager av papir og ferdig materiell. Men vi har tru på at han som tok til med ei god gjerning, - ikkje berre i oss, men også i misjonstrykkeriet på Sri Lanka, han vil fullføre si gjerning inntil Jesu Kristi dag.
Fram til då er vi heilt avhengig av, og difor takksame for all forbøn for New Life Literature og alle som er involvert i dette arbeidet.
Comments