top of page
Gunnar Andås

Folkegrupper som stadig ventar på Guds ord

Sidan Bibelmisjonen Sporos i 2017 byrja å prioritere trykking av biblar og

nytestamente på minoritetsspråk, så har vi trykt biblar og nytestamente på over 100 språk som før ikkje har hatt Guds ord.


Ja, desse språka har ikkje berre mangla ein bibel, men i dei fleste tilfella har det

heller ikkje vore trykt noko anna materiell på desse språka. Før arbeidet med

bibelomsetjinga kunne starte, måtte ein difor samle ei ordliste, systematisere ein

grammatikk og avgjere korleis dei ulike orda skulle stavast og skrivast. Det i seg

sjølv er eit stort arbeid.


Wycliffe publiserer kvar haust ei oversikt som viser kor mange språk det er som no

har fått ein bibel, eit nytestamente eller ein mindre bibeldel. Det kan t.d. vere eit

Johannes- evangelie. Det viser at av dei 7394 språka i verda, så er det berre 736 som har fått

ein heil bibel. 1658 språk har fått eit nytestamente, og 1268 språk har fått eit eller fleire av evangelia.


Det er med andre ord berre omlag 1/3 av språka i verda som har fått ein heil bibel

eller eit nytestamente. Dersom vi tar med også dei som har fått eit eller fleire

av evangelia, så byrjar ein å nærme seg halvparten av alle språka i verda.


Arbeidet med omsetjing av bibelen til nye språk har vakse kraftig dei siste åra.

I perioden 2019-2021 vart det starta eit nytt prosjekt kvar femte dag.


Frå 2021 til 2023 vart det starta eit prosjekt kvar 30. time.


For 2024 reknar ein med at dette nesten vil doble seg, og ein reknar såleis med at

eit nytt prosjekt vert starta kvar 17. time.


Sjølv om Bibelmisjonen Sporos har vore kraftig engasjert i trykking av

minoritetsspråk dei siste åra, så ser det difor ikkje ut til at det vil minke i åra

framover.


Vi får frå tid til anna tilsendt oversikt frå organisasjonar som vi samarbeider

med som viser kor mange språk dei har i arbeid og kva tid dei reknar med at desse

vil vere klar for trykking.


I fylgje desse oversiktene kan vi rekne med å få inn omlag 200 nye språk til trykking

fram til 2030, språk som er spreidde over store delar av Asia og Afrika.


Vi vil difor ha bruk for å auke kapasiteten vår i tida framover, og vi ber

om all forbøn at vi må lukkast å gjere dette på ein god måte.



20 views

Comments


bottom of page