top of page

Emmanuel - Gud med oss

Stor glede da Guji-Oromo folket fikk Guds Ord på sitt hjertespråk

av Gunnar Andås


Den fyrste og andre veka i juni arrangerte The Word for the World ei overleving av bibelen på Guji Oromo språket. Det er 5 millionar menneske som snakkar dette språket, og 70% av dei reknar seg som kristne. I mangel på ein bibel på sitt eige språk, så har folket likevel i stor grad vore påvirka både av tradisjonar og ulike religionar som tidlegare generasjonar har dyrka. 

 

I år 2000 tok dei til å omsetje det nye testamentet, - og det vart ferdig i 2008 etter 8 års arbeid. Då folk kunne byrje å lese evangeliet på sitt eige språk, såg dei ei stor forandring mellom dei kristne. Både einskildindivid og samfunn vart forandra.

Leiaren for The Word for the World i Etiopia, Tesfaye Bekema, er svært oppmuntra over resultatet som dei har sett. Han seier at om han hadde drive som forkynnar heile livet, så kunne han kanskje hatt ei virketid på maksimalt 50-60 år. Som bibelomsetjar, så vil arbeidet hans halde fram å virke også i lang tid etter hans død. 

Før opplevde folk Gud som ein utlending som ikkje kjende deira språk, og dei tenkte difor heller ikkje at dei kunne snakke med Gud på deira eige språk. Når dei no har fått Guds ord på sitt eige språk, så opplever dei at Gud snakkar direkte til hjarta deira, - og dei har også ord som dei kan bruke når dei ber.

Ei jente uttrykte at ho tidlegare opplevde det som om Gud forlet dei saman med forkynnaren, når han tok med seg bibelen sin og for sin veg,  enten det var ved help av ein bil eller eit fly. No hadde dei fått Guds ord sjølve, og Gud var nær dei, også om ein forkynnar pakka kofferten og reiste. Dei opplevde verkeleg at Gud er Emmanuel, - at han er og vert verande med dei.  


Kven skal fare opp i himmelen for å hente Gud ned, 

- eller ned i avgrunnen for å hente Gud opp frå dei døde?

Ordet er deg nær, i munnen din og i hjartet ditt, - 

Det er trusordet det som vi forkynner. 

(Rom 10.6-8)


Videoen er hentet fra The Word for the World YouTube kanal



0 views

Comments


bottom of page